Vellukka Markdag om jordtrøyttleik og AKKU på Njøs.

IMG_0276IMG_0277

Over 20 personar kom for å læra meir om jordtrøyttleik og bruk av aerobt kompostkulturuttrekk (AKKU) i frukt. Det vart demonstrert brygging av AKKU med kompost frå Sogn jord og Hagebruksskule. Takk til Øystein Haugerud, Stein Harald Hjeltnes og Christian Zurbuchen for interessante faglege innlegg!

Bilde | Posted on by | Merkt , , | Kommenter innlegget

Markdag om jordtrøyttleik og kompostte

Njøs Næringsutvikling inviterar til markdag om jordtrøyttleik og bruk av kompostte i frukt og bær den 21. AUGUST. Jordtrøyttleik er ei stor utfordring i internasjonal fruktproduksjon, særleg i Syd Tyrol og og viktige fruktdistrikt i USA og temaet er også relevant her i landet. Njøs Næringsutvikling inviterar eksterne fagfolk og set fokus på jordtrøyttleik og kva effekt bruk av kompost og kompostte kan ha.

Les meir om dette på Njøs Næringsutvikling si heimeside.

Posta under AKKU, Jordtrøyttleik, Kompost, Kompostte, Markdag | Merkt , , | Kommenter innlegget

Bruk av kompost i bringebær

Fleire forsøk frå Austerrike og Sveits har gjeve målbare resultat ved bruk av kompost for bekjemping av raud rotråte i bringebær. Mogningsgrad på komposten og råstoff nytta ved kompostering er avgjerande for gode resultat. Ein har då fått målbare resultat i høve tal Phytophthora – antagonistar og jorddrenering. Les meir om dette i dette utdraget av dyrkingsmanualen for bær:

Bringebær og kompost

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Jorda si helse er viktig

I sist nummer av det amerikanske tidsskriftet The Goodfruitgrower (nr 4, 2013) er referert til ei forskargruppe ved Cornell uniiversity, som ser på jorda i eit heilskapleg syn. Denne består både av fysiske, kjemiske og biologiske faktorar.

Les meir på Njøs Næringsutvikling si heimeside.

Posta under Jord | Kommenter innlegget

Forsøk i raud rotråte på Njøs

Njøs Næringsutvikling har som ein del av prosjektet Kvalitetskompost til frukt- og bærhagar køyrt eit forsøk med tilførsle av kompost i felt med bringebær infisert av raud rotråte, Phytophtora fragariare var. rubi, med oppstart i 2012. På biletet over til høgre ser de feltet etter kompost er innblanda og opphøga senger er tillaga. Biletet lengst til venstre syner feltet etter etablering (august 2012).

Det vert køyrt to forsøksledd, med tilførsle av kompost (1) og kontroll (2), med to repetisjonar. Det er total 113 planter Glen Ample og 11 planter Glen Moy som indikator på jamnheit i smittepress, randomisert i heile feltet.

Det er lagt opp forhøga bed, om lag 35 cm høge. 2 dryppslangar per rad for å sikre jamn fuktigheit og jorddekke med vevd plast. Vatningsregimet i 2012 har vore som normalt, for å sikra best moglege vilkår for etablering. Det er smitte i feltet frå før, men for å sikre jamnt smittepress har me valgt å smitte med infisert rotmasse no i haust. Til våren skal det også smittast med isolat frå Bioforsk Plantehelse.

Dei registreringane som er planlagde i forsøksperioden er registrering av daude planter medio september 2012 og 2013, registrering av tal årsskot (primocane) og måling av lengd av dei 3 lengste skota per plante i medio september 2012 og 2013. Ved slutten av forsøksperioden vert det teke ut røter frå eit par planter per sort, med symptom av raud rotråte, som vert undersøkt mikroskopisk, med isolering av rotdelar.

Resultat frå registreringane vil bli publisert på bloggen etterkvart, så fyl godt med!

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Designkompost

Den økologiske dyrkaren, Kyle Mathison, tilverkar sin eigen designkompost i USA. Denne brukar han på den 4850 daa store garden med produksjon av kirsebær, eple og pære.

I starten kjøpte han inn kompost frå Canada, men transporten vart for dyr, så no har Kyle etablert eit 70 daa stort komposteringsanlegg på garden. Han brukar komposten både på økologiske og konvensjonelle areal på garden.

Dei 22 000 tonn med råvarer han treng til komposten kvart år, vert henta lokalt. Han tek i mot og kvernar opp kompost frå privathushaldningar og lokale avfallsfirma, som elles ville blitt køyrt på avfallsdeponiet. Av grønt materiale tilset han 80 % frukttregreiner og 20 % grasklypp om våren, og om sommaren er det omvendt. I tillegg kjem hestemøkk, kumøkk, fruktavfall frå eit foredlingsfirma og frukttrelauv.

Sommarstid kan han produsere ferdig kompost i løpet av seks veker, medan det om vinteren tek opptil seks månader. Når komposten er ferdig mogna, tilset han næringsstoff som kalsium, svovel og sink etter behov. Kalsiumkjelda kjem frå krabbeskjelrestar frå kysten.

Utanfor anlegget har han etablert fangdammar for å fange opp avrenning av næringsstoff om våren. Vatnet frå dammane vert brukt til vatning av frukttrea.

Mathison tilfører 2,5 tonn kompost per dekar per år, halvparten om våren og halvparten om hausten. Svake tre får 3,7 tonn kompost årleg. I tillegg får kirsebærtrea to omgangar med fiskegjødsel, kompostte (påført jorda) og molasse for å gje trea ein god start. Mathison brygger sin eigen kompostte frå markkompost, flaggermusguano, fiskegjødsel og molasse. Det vert pumpa inn luft under heile bryggeprosessen.

Du kan lesa heile artikkelen i tidsskriftet TheGoodFruitGrower.

Posta under Kompost, Kompostte | Kommenter innlegget

Seminar i Levende matjord

 

Prosjektet «Levende matjord», Fylkesmannen Buskerud, arrangerte seminardagar på Evje Gård i Sigdal den 16. og 17. august 2012. Kurset ga både teoretisk og praktisk innføring i jorda sitt biologiske mangfald, kompost og kompostkultur. Les meir i vedlagt program og føredrag som vart halde på seminaret:

Føredrag og program

 

Posta under AKKU, Kompost, Kompostte, Seminar | Kommenter innlegget

Kompostsamling i august – program kommer

Følg med på Fylkesmannen i Buskerud sin nettside for utfyllende program og påmelding. Les mer her…

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

USA: kompostte og kompost i moreller

Morellhage i Oregon, USA. Foto: The Good Fruit Grower

Det står å lesa i nyhendebrevet til tidsskriftet TheGoodFruitGrower om morellprodusenten Carter som tilfører lokalprodusert kompost i produksjonen. Han lagar også kompostte av komposten, som vert bryggja i 20-24 timar for å auka den mikrobielle populasjonen. Kompostteen tilfører han umiddelbart med eigne ugrassprøyter som kun vert nytta til dette føremålet. Her fortel han om sine erfaringar:

“It’s not scientific, but the net result is you can see some benefit in improving the porosity and tilth of the soil. It takes effort to be able to do this, and I would not be doing it if I didn’t see results. If you have virgin soil, you probably don’t have to do these weird things, but many of us have some burned-out soil and marginal soil, and you’ll end up with marginal fruit if you don’t do a little bit extra to make sure your fruit is competitive with your neighbor’s with a little better location. There’s a huge amount of price difference between a 9- and 10-row cherry. If there’s something we can do to make a bigger cherry, that’s where we should be.”

Carter tilfører kompostte no berre på bakken og sprøyter ikkje lenger på bladverket. Enkelte hevdar at kompostteen har ein sopphemmande effekt, men morellprodusenten Carter kunne ikkje sjå nokon synleg skilnad: “If I can’t see it from my pickup at 25 miles per hour, it’s not good enough”.

Posta under Kompost, Kompostte | Merkt , , | Kommenter innlegget

«Levende Matjord» sitt årlige seminar blir 16.-17. august

Økologisk foregangsfylkeprosjekt «Levende Matjord» vil i år arrangere sitt årlige seminar torsdag 16 og fredag 17. august på Evje Gård i Sigdal. Fullstendig program blir sendt ut seinere. Det kommer til å bli en blanding av teori og praksis. Noen stikkord kan nevnes: Kompostering, jordstruktur, VitalAnalyse, Aerob kompostkultur, meitemark, resultater så langt i prosjektet m.m.. Seminaret er åpent for alle og vi tror det kan være noe å hente både for rådgivere og bønder!

Posta under AKKU, Jord, Kompost, Kompostte, Seminar | Kommenter innlegget